hei

No har eg vore heime akkurat ein månad.. Rart? You bet..Men som eg trur eg har sagt før. Det kjennest ikkje ut som eg har vore vekke, berre sånn 2 veke kanskje.. For å vete at eg faktisk har vore vekke 10.5 månad må eg sjå på bilde, og snakke med folk i usa.. Men eg har fortsatt minnene riight?

Den siste tida har gått med til å jobbe, og vore med venna. Skulen begynner om to veke, og kan ikkje sei at eg gleda meg akkurat. Å gå frå ein amerikansk skule til den norske skulen igjen blir IKKJE lett.. hehe..

Men life goes on

Veit ikkje om eg har sagt da.. Men takk til alle som følgte meg i år! :)

see ya

Når du dro fra wamego, tok du buss eller fly? Hvor mange kilo kunne du ha med deg hjem?
Reiste 28 juni for å reise med andre utveklingsstudenta for at alle skulle treffast i Houston, Texas.. Eg tok buss til houston.. Var heilt forferdelig.. Ikkje kjekt å sitte 10 timar på ein buss når du nett har forlatt ditt andre liv.. Litt for god tid til å tenke.. Eg hadde ein koffert der du kunne ha 50 pounds ( 23 kg?).. Men eg trur du kunne hatt 2, men sidan eg skulle fly innanfor norge i igjen ville eg ha fått problem. Så eg har ein kasse på 30 kg som er på vei heim no..

Svar

-Hvor mange elever var dere på skolen din?
400-500ish

- Er det vanskeleg å snakke med vennane og familien din om vanlege ting sidan de ikkje har møtt kvarandre på så lenge? Nei.. Eg kom i alle fall fort inn i det. Men sidan usa året mitt er ein sopass stor del av meg er det litt vanskelig å ikkje snakke om det...

- Om du kunne velge, hadde du valgt å bu lenger i USA eller ville du ha reist til Norge tidlegare enn etter eit år?
Ah vanskelig spørsmål.. Men eg trur den tida eg hadde var perfekt! Sjølv om det er ein del ting eg sakna ganske so mykje..

- Korleis går det å snakke norsk nå som du har vore i Norge ei stund?
Går heilt fint. Men eg har heile tida lyst å snakke engelsk, og eg har litt problem med ein del ord!

- Har folk vore velkommande etter at du kom tilbake?
Ja :) Men det kjennast eigentleg ut som eg aldri har vore vekke!

- Kva er det beste minnet frå USA?
Altfor vanskelig spørsmål! Har opplevd mange fantastiske ting; Volleyball, Softball, football+basketball kampa, promx2, amerikansk jul. You name it!

- Kjem du til å nokon gong ha ein annan blogg utanom denne, eller er heile blogging lagt på is?
Trur nok blogginga er lagt på is..  Har liksom ikkje heilt ein bloggperson i meg. Grunnen til denne bloggen var for å informere folk, og familien min på kva som foregjekk, og på ein måte for meg å hugse ting. Men kjekt å vete at du likte bloggen min!

Challenges

Ten challenges for returnees at home:
1) Boredom.
2) No one wants to hear.
3) You can't explain.
4) Reverse "homesickness".
5) Relationships have changed.
6) People see "wrong" changes.
7) People misunderstand.
8) Feelings for alientaion.
9) Inability to apply new knowledge and skills.
10) Loss/compartmentalization of experience.

Kjenne meg igjen i nesten alle..


Kor mykje kosta East Cost trip?
Betalte rundt 1800 dollar trur eg + fly til og frå + lommepenga. But SO worth it!

Når jeg tenkte på posten, så tenkte jeg på den her i Norge. Samlet moren din opp en hel hau med post, eller åpnet hun den etterhvert for å fortelle hva som var i?
Eg får faktisk ikkje så mykje post. Men mamma opna mesteparten, eller så fortalte ho kva eg hadde fått.. Men hadde vel ingenting som var samla opp, mesteparten var sånne ting om bank eller skule. Så mamma opna det.

SVAR

- Var det vanskelig å lære seg engelsk?
Nei. Eg hadde ganske godt grunnlag før eg reiste, og det er ikkje noko problem. Du er omringa av engelsk 24/7, og du MÅ snakke engelsk.

- Hva var det viktigste du tok med deg, evt tok du med deg noe som du egentlig ikke hadde bruk for?
Vansklig med det viktigaste. Kameraet? haha :) Ikkje ta med deg meir klede enn ka du treng, og lotion fordi det er billig der og det er tungt.

- Var det vanskelig å komme inn i "vennegjengen"?
Ja, i alle fall på min skule. Alle hadde allereie vennane sine, og dei såg på folka på skulen min as the "foreigners" men det vart lettare etter kvart.

- Var det veldig vanskelig å si hade til alle?
Usikker på om du meina heime, eller i usa. Men JA på begge tinga. For å vere ærlig så var det litt vanskeligare å sei hade til alt i usa. Veit at eg får det aldri tilbake på same måte, og veit ikkje kortid eg kjem til sjå nokon av folka igjen.

- Hva er viktig å ta seg tid til, eller ser man det selv når man kommer ned?
Trur det er avhengig av person til person, og plassen. Men ta deg god tid til å bli kjendt med vertsfamilien

- Er det vanskelig å finne sunn mat?
Eigentleg ikkje. Vil du ha sunn mat så kan du finne sunn mat. Bortsett frå at det var McDonald, Sonic++ på kvart hjørne ;D Men vertsfamilien min var ganske sunne.

- Brukte du sånn ca mye penger?
Var veldig varierande. Nokon månanda brukte eg mykje, og andre gongar brukte eg nesten ingenting.

- Hva fikk du i stipend?
 Er ikkje heilt sikker. Men trur kanskje 50 tusen

- Hvor mye koster det sånn ca å sende en gave til Norge? Evt motsatt hvis du vet?
Det kan vere ganske dyrt, noko som gjorde det slik at eg sendte veldig lite heim. Sendte heim ein liten boks til jul, og då meina eg liten, og vart vel på kanskje 300 kr?

- Hvordan tok dem imot deg (Vennene, familien osv)?
Familien tok meg i mot med opne arma, og andre folk var veldig snille. Men du finne fort ut kem som faktisk kan vere vennane dine, og kem som er falske :)

- HVordan gjør man med post når man drar?
Meinar du posten du får her i Norge?

- Hvordan gjør man med pengene? Laget du en konto i USA, eller brukte du det norske kortet?
Eg brukte berre det norske kortet mitt. Betalte kvar gong eg tok ut penga i ATM, men dei tok det vekk i mai. Så nå burde det vere gratis å ta ut. Ved nokon måtte eg betale kanskje 20 kr å ta  ut penga. Av og til så fungerte ikkje kortet mitt i nokon butikkar men det var svært få. Men eg veit folk som oppretta konto i bank i usa..

- Hvordan mobil brukte du? ( Hadde du norsk eller Amerikansk, evt hvordan abbonement?)
Eg brukte ein amerikansk mobil som v- familien min hadde. Den saug ræva, men kunne sende melding og motta så eg overlevde. Eg hadde "a dollar-a-day" som vil sei at eg putta på penga, og dei trekte 1 dollar a day. Var unlimited texting og calling after 9. Hadde verizon, men du får snakke med v-familien.

- Er ting mye billigere?
JA!!!!! Herregud. Har lyst tilbake når det gjelde slike ting! Kom til Norge og fekk SJOKK kor dyrt alt er! 14 kr for ein tyggispakke? YOu gotta be kiddin

måtte du betale masse for å reise til usa og gå på skule der?
Er litt dyrt ja. Med AFS så var det vel litt over 70 000 men du får jo stipend. Men så fekk eg 2500 på kontoen min kvar månade. Men eg sparte ofte opp fordi eg visste eg skulle noko neste månad. Men det er opp til deg kor mykje pengar du kjem til å bruke.

Hvordan bankkort brukte du? Vanlig visa, eller Visa Electron, eller?
Visa Electron :)

Siste innlegg?

Tilbake i Norge etter 10 månander. Føler som eg aldri har vore vekke. Mamma møtte meg på gardemoen etter tre dagar med reise. Det vart litt tårer. Sitte i rommet mitt no, og på mange måter føler alt fremmed men på same tid som eg alltid har vore her. Norsken går det betre med enn kva eg forventa. På tirsdag møtte eg andre norske utveklingsstudenta som eg kom her med for 10 månanda sidan, vi prøvde oss på norsk men vart ei blanding, men eg klarte ikkje å snakke så eg snakka engelsk. Vi prøvde oss.. Så på slutten av dagen snakka vi mesteparten norsk, med engelsk innimellom. Så eg fekk ei ganske bra overgang før eg kom heim. Det går med engelsk innimellom men håpar det forsvinne snart!

Kjem nok ikkje til å fortsette å skrive blogg. Så dette blir mest sannsynleg mitt siste innlegg. Takk for alle som følgte meg igjennom ups and downs. Viss det er nokon som har spørsmål. Spør i vei, og eg kjem til å svare. Kjem til å sjekke bloggen av og til.

Er svar på eit par spørsmål under..

Well.. bye

Svar

Hei! kunne du skrevet et innlegg og hvordan livet i Kansas er. Sånn generelt om folkene, om de er reilgiøs, oppførsel, syn på ting, skolen, er det mer strengt? Har kommet tl kansasa selv :)

Avhenging av kor du kjem, men folka i Kansas er veldig opne og greie. Nesten FOR greie! Viss du er hyggelig så skal det veldig lite før at folk ikkje likar deg. Smil mykje! Det er veldig mangen som er religiøse, men det er og mangen som ikkje er det. Dei fleste trur på noko, og dei fleste går i kyrkja. Men veldig mangen veit du ikkje ein gong er veldig religiøse fordi dei virka ikkje slik. Sikkert 3/4 av skulen min går i kyrkja og er religiøse, men eg ville berre ha gjetta på 1/4 av dei. Dei eldre i Kansas kan vere veldig strenge, og du kan rekne med at dei behandla deg meir som ein liten baby enn kva folk ville ha gjort i Norge.. Skulen er vel avhengig av kor du kjem.. Kor i kansas har du havna?

Hei, at jeg lurte på hvordan kamera du bruker for å ta bildene dine? du får jo kjempebra kvalitet på bildene dine! også lurte jeg på om du vet om det lurer seg å kjøpe speilreflekskamera i USA når man kommer dit, eller å kjøpe det her hjemme i Norge før man reiser?

Eg brukar Canon 450D :) Veldig bra kamera! Trur prisane er mykje lågare i USA så det er sikkert betre å kjøpe der. Men eg kan ikkje love noko! Du får sjekke litt på amerikanske internett side ;D

Goodbye America

Reiser snart frå Amerika. Siste dagen, og det følels ikkje sånn. Har grene så sinnsjukt mykje dei to siste døgna, og blir ikkje ikkje mindre i dag.  Reiser her ifrå 8.30 om kvelden. Så er det Goodbye America; Hello Norway..

Please la flyturen heim gå fort..

See ya

The last moments

Yo peepz..


I can't believe i'm leaving in two days, or to be more accurate in one day. There still so much i wanna do, and see. People i wanna get to know better, and i'm not quite ready to leave Wamego yet. But i'll be back soon.

Prøver å nyte dagane så godt eg kan, men klara det liksom ikkje heilt. Eg har ikkje følelsen at eg reiser frå America snart, så kvar gong eg er med folk tenke eg " skal jo sjå dei snart igjen." Men guess what kjem ikkje å sjå dei på i alle fall eit år. Fordi vi skal tilbake her neste år sant, mamma?????

Eg er eigentleg ferdig pakka, men eg klara liksom ikkje å bli heilt ferdig før rett før eg reiser. Eg kan fortsatt ha 3 kg i kofferten min og eg er nesten ferdig. Flink hæ? Er ganske mykje eg legge igjen her, men eg har 2 v-søstra som blir happy for det! Hehehe.. Kan godt hende at dette blir det siste innlegget før eg er heime. Så kanskje neste innlegg sitte eg heime i Norge.. SÅ RART!

I går hadde eg ein ganske bra dag, men og veldig crappy. Er såå emotional these days.. Sorry, men veit ikkje heilt korleis eg skal ordlegge meg på norsk.. I was sitting on the front porch, which has become my favorite place in this house. Because it has a green swing thats hanging from the roof. Awesome right? Anyhow. I was listening to music and watching the fireflies, and i started crying. I just can't wait to be home, but i'm gonna leave my new life.. I got new friends, 2nd family, and a boyfriend. I've experienced the american life, and i have gotten used to live it.

Eg skal i alle fall nyte den siste dagen i måro. Skal faktisk mest sannsynleg i kyrkja 10.30 om morningen, som blir den 3 gongen min sidan eg kom her. Morsomt i know.. Så blir det å sei hade til folk, og siste del av pakkinga. Greaat.

Can't wait to see you all!

Love,
Ingrid

18 baby

Pakkinga går treigt. Eg har 4 fulle dagar igjen i Wamego, og eg kastar vekk tida. Viss eg satt av 2 -3 timar ville eg sikkert ha blitt ferdig med pakkinga, men eg går til og frå. Vil ikkje bli ferdig fordi det betyr at eg faktisk reiser her ifrå. Sitter her på 18 års dagen min og pakkar. Don't worry, feire tidlegare i dag. Men eg kan ikkje legge meg til å sove å vete eg er langt i frå ferdig å pakke.

Det virkar kanskje ikkje som eg gleda meg til å komme heim, men eg gjere det virkeleg. Det er liksom berre så mykje som skjer akkurat no at det er vanskelig for meg å fatte at eg skal reise heim. Har faktisk budd i eit anna hus for 10 månander. Har ikkje sett familien, eller vennane mine på 10 månander. Eg har null peiling på korleis det blir å komme tilbake. Som nokon sa til meg; du veit ikkje kor mykje du har forandra deg før du faktisk er tilbake, og begynner å tilbringe tid med vennane, og familien din igjen. Ei sa til og med at ho hadde brukt 1 år på å komme inn i vanane igjen. Håpar det ikkje tar 1 år for meg.

I dag blei eg forresten 18 år!! Happy Birthday to me. hehe..


Hadde først lunsj med dinna duden. Reiste til HuHot der du velge kva slags kjøtt, grønsake, nudla du vil ha, så "steike" dei maten framfor deg!  Så reiste vi til Tuttle Creek kor broren hans bur, og svømte litt. Kan ikkje forklare kor hærligt det er å svømme når det er så sinnsjukt heitt ute. I går kveld rundt 12 var det 34 grade ute!!!!!


Når vi stoppa framfor huset mitt såg eg dette på framsida! It was big!! Eg snudde meg og var "woow". Forventa ikkje noko slikt! Var awesome, og måtte sjølvsagt ta bilde! og SJØLVSAGT norway t-shirt!


Familie bilde! Sjå kor stort det er! Skal ta med meg heim, og henge ein eller anna plass. I alle fall for ei stund!


Bursdagskaka mi!! Abby som var så flink å laga!


Litt av gavane eg fekk. Fekk to Kansas t-skjorte, eit smykke, american flip flops, liten amerikansk converse sko til å henge på veska, og 5 forskjellige scrapbook side. Alle i familien laga ein. Enten bilde av dei, eller med meg og dei!


Ready, set, go

Veit eg ser heilt utruleg fresh ut! Fantastisk blåsemetode og!


Så på kvelden gjekk eg opp på rommet mitt og vart møtt med ditta! Kunne ikkje sjå golvet mitt lengre fordi det var dekka av ballonga!

Så alt i alt var det ein vellykka bursdag! Ikkje så kjekt å sitte å pakke halv 12 om kvelden, men må ein så må ein. Var ganske sikker på at eg skulle få alt med meg lett, men no ser da litt mørkt ut igjen. Boksen min er full IGJEN, og eg har 12 kg i kofferten, og eg kan berre ha 10 til. Rommet mitt er fortsatt stappa.. Help

Hey you

Har funne ut at eg har verken tid eller ork til å skrive om kvar dag frå turen min. Viss dåke er heldige kjem det kanskje eit eller to dagar der eg er bored, eller rett og slett berre lyst å blogge. Men akkkurat no ser det litt mørkt ut. Prøvde å skrive om første dagen, men sidan ikkje var i blogg humør vart det crappy..

Kom heim i går frå turen min. To amazing veke. Fekk sett mesteparten av kva østkysten hadde å tilbu. Var herligt å få reist litt og sett litt av kva America har å tilby sidan eg ikkje har reist heile året mitt..

Har tømt alle skuffene i rommet mitt, og mesteparten ligge i boksen min, eller i kofferten. JA eg klarte faktisk å rydde utav koffereten same kvelden eg kom heim. I går og i dag har eg kasta vekk mesteparten av tinga eg ikkje vil ha med meg heim. Så får eg pakke ferdig dei neste dagane sånn at eg får sendt pakken min heim. Skjønna fortsatt ikkje heilt korleis eg skal få alt med meg heim igjen.. Må sikkert legge igjen ein del ting.. :(

Var 38 grade her i dag. Dagen starta med pøsregn, og torden. Tenkte at " idag bli det vel kanskje litt behagelig temperatur då!". Men så gjekk eg til McDonalds med ei venninne, og vi holdt på å dø. Var 100*F ute, som vil sei rundt 38 grade. Det verste er at det er umulig å puste. HUMID. Hate it..

Eg blir 18 om 2 daga etter amerikansk tid. Har ikkje heilt fått da med meg enda. Dagen går vel med til å kose meg med v-familien min, og så finne på noko med my bf. Fleste av vennane mine er sjølvsagt vekke, eller jobba. Så eg fant ut at eg henge med dei torsdag og fredag. Blir liksom ikkje den same feiringa eg hadde hatt heime. Kan ikkje akkurat gjere det store når du blir 18 her!

Kan forresten ikkje forstå at eg har mindre enn ei veke igjen her. Sitte med den største klumpen i magen min, og tenke at eg ikkje vil at året mitt skal vere over endå. Men eg har så sinnsjukt lyst heim igjen å sjå vennane mine, og familien min.

GIVE ME A LITTLE BIT OF BOTH, PLEEASE?'

Litt bilde som erstatning for innlegga:








































Les mer i arkivet » August 2010 » Juli 2010 » Juni 2010
hits